2007- eit uskrevet kapittel
Tygg på årstallet 2007. Er det eit år dei bør gje ut ein James Bond film, så er det 2-007. Kanskje dei burde gitt ut to stk. Eg gleder meg masse til dette året. Mange nye og spennande ting skal skje i løpet av dette året. Eg var heldig å feire inngangen inni dette året med mange tenåringer som var ganske gira i Sætervika. Kva kan 2007 bringe oss?
Her er feks bilde av ei av dei nye ferjene som skal settes inn mellom Bergen og Stavanger. Eg må sei at eg gler meg til å sette meg på ei ny ferje som ikkje bruker ein evighet mellom kaiene. Egentlig burde ferjena vore avskaffa for lengst. Ja til hurtigtog mellom alle dei norske byane. Kanskje eg burde vore diktator i Norge i ein 4år, så kunne eg hatt regjeringen til å ordne opp i alt eg ikkje gidd å tenke på, også hadde eg laga nye veger og toglinjer i Norge. (ops.. det var jo det Hitler gjorde og…pluss litt til) Nei eg satser litt på ein vanleg kvardag.
Men 2007 blir eit bra år trur eg. Mange spennande ting i jobben framover! Flytting til Gilja til sommeren, til den nye tomta våres! UL i Haugesund pluss mange andre ting! Eg trur 2007 kan bli veldig bra. Ka du trur?
Gubben






