Downtown Gilja

gilje.jpg
Då har me flytta til Gilja. Etter ein flott avslutting i jobben med Sommertreff slutta eg å reise som ungdomsarbeider. For tida har eg starta å jobba på Gilje tre. Veldig glad for å kunne jobbe lokalt og bli litt kjent med folk. Hege jobber og der i sommer. Vi gleder oss veldig til det som skal skje framover og håper vi får det bra her. Det har ikkje heilt gått opp for oss alt som har skjedd i det siste, men eg må sei at det var trist å flytte frå Bergen og familien min. Vi kjem til å få det bra her nede, men det er lov å sei at det var trist å reise frå mamma og pappa. Eg skjønner litt det som blei sagt i kyrkja under bryllupet med at ein skal bli ett med si nye ektemake og bryte opp med familien. Eg kjem alltid til å ha sterke bånd med familien min, og det er eg glad for! Ein ting til: Eg kjem alltid til å heie på Brann og:)
PS: Vi har det bra!!