
Brann, Bergen, Bernaissaus og Bil.
I det siste har det skjedd ein del her i Bergen. Det har vore ein del ting å gjere i jobben, og nokre ting i fritida og. Eg har vaska og støvsugd bilen på Statoilen, noko som er ganske kjekt. Eg har laga middag til kåno i dag; Nakkekottisar, ovnsbakte pote(legg vekt på o-en) med bernaissaus. Men noko av det kjekkaste som skjer er at fotballsesongen er i gang! Brann har vunnet to av to mulige kamper. Fantastisk stemning på stadion! Torstein Helstad leverte varene i denne kampen og hans kompis Jan Gunnar Solli fekk ein oppsving i karrieren som alle i Bergen gleder seg over. Mange var skeptisk til Jan Gunnar, men eg har alltid vore begeistra over denne spelaren. Eg meine han egentlig skulle fått speletid sentralt på Rosenborg, men han blei flytta rundt om på laget meir enn Knut Tørum skifter underbukser. Eg har alltid likt Jan Gunnar som fotballspelar. Eg tenkte det samme om bjørn Dahl og. Han hadde ein litt svak sesong i Viking, men det er det fleire spillere som har. Sjå feks på Alexander Ødegård. Konge spelar i Sogndal, men har visna på rot i Viking. Sånn er det når dei ikkje blir brukt riktig. Viking har hatt mange gode spelara, men klare ikkje å utnytte dei, noko Start skal være glad for. Dei har jo fått ein av mine favoritt spelarar, nemlig Bjarte Lunde Aarsheim. Han har vore skada, men er ein konge spelar. Her er min favoritt tropp med folk som ikkje akkurat er på landslaget og er litt lengre nede i systemet. (Nokon er i drift framleis) Fra venstre:
Keeper: Terje Skeldestad
Forsvar: Morten Pedersen, Roy Wassberg, Ronny Johnsen(kjent for tida), Martin Knudsen
Midtbane: Lars Iver Strand, Lars Bakkerud, Ousman Nyan, Lasse Olsen (før i strømsgodset)
Angrep: Kjetil Løvik, Per Ove Ludviksen
Her er eit lag som kunne gjordt det bra i dag(fra venstre):
Keeper: Johan Thorbjørnsen
Forsvar: Ramiro Corrales, Ármann Björnsson, Raoul Kouakou, Robbie Russell
Midtbane: Lars Iver Strand, Bjarte Lunde Aarsheim, Rune Buer Johansen, Birkir Bjarnason
Angrep: Tommy Øren, Alexander Ødegård
Glad eg ikkje er trener, for eg liker å sitte å sjå på kampen, og på sporten, så er eg nøgd!